
Kjærleikens postmeister
Jan Kjærstad sin forfattarskap har i snart femti år spent ein høgare himmel over etterkrigs-Noreg.
Kjærleik tidleg og seint
Bøkene hans går føre seg her i landet, stort sett i Oslo, der ein mannleg hovudperson står midt i samtida, men samtidig verkar i henne på ein særeigen måte, anten han heiter Jonas Wergeland, Alf I. Veber, Berge - eller i denne boka: Thomas Hegel.
Hegel er privatetterforskar med utruskap som spesialfelt. Ved sida av dette har Hegel eit alter ego, Bjørn Myhre. Han skriv kjærleikstekstar for norske popmusikarar. På dagtid ser altså Hegel kjærleiken gå i oppløysing, på kveldstid hyllar han han i rimform. Dessutan er han langt over snittet interessert i egyptisk historie, ark og papir, brevpost, whisky og god mat. En verdig sak for Thomas Hegel er ei sanseleg bok.
Oslove
Det finst eit par plott i denne romanen, men dei er ikkje viktige.
Hovudpersonen er byen Oslo, som forfattaren kjærteiknar ømmare enn eg kan hugse han har gjort før. En verdig sak for Thomas Hegel er betre Oslo-reklame enn alle verdas innlegg i sosiale medium, og ei bok du kan synke ned i, medan du ser opp på den høge himmelen som Jan Kjærstad nok ein gong har spent opp.





