
Fem bøker som får deg ut av nynorskdvalen
Jon Fosse, Agnes Ravatn, kort sakprosa, norrøne klassikarar og forfalne hus på Vestlandet: Boktips for deg som vil ta opp att nynorsklesinga.
Sølvberget og Stavanger mållag skipar til ein ny lesesirkel på biblioteket. Frå og med november kan du diskutere ei nynorsk bok i månaden. Fyrste bok ut er Vi har alltid budd i slottet av Shirley Jackson, ein gotisk klassikar i nynorsk gjendikting.
I høve lesesirkelen utfordra vi ordstyraren i lesesirkelen, Sigrid Sandemose, til å gje sine beste boktips til den som vil trene opp att nynorskmuskelen. Ho kom fram til desse fem:
Vaim av Jon Fosse. Mystisk trekantdrama og Fosse med feelgood-tendensar. Dei sju dørene av Agnes Ravatn. Litteraturvitar vert innblanda i eit mysterium. Satire, humor og spenning. Norsk røyndom. Korte sakprosabøker som til saman teiknar eit bilete av utanforskap i dagens Noreg. Den eldre Edda gjendikta av Knut Ødegård. Håvamål, Voluspå og andre norrøne klassikarar frå mellomalderen, nydeleg gjendikta på 2010-talet. Godt eigna for høgtlesing på sengekanten. Husdraumar av Marita Aarekol og Marit Eikemo. Kvifor forfell så mange hus? Aarekol sine fotografi og Eikemo sine tekstar fortel historia om vestlandske hus der ingen bur meir.
Høyr podcasten:











