Hva leter du etter?
Portrett av Linn Ullmann. Foto: Jarle Aasland

Godt på norsk-løypa

Dette er Kapittel-løypa for deg som vil oppleve høgdepunkt frå nyare norsk litteratur.

Går du denne løypa av programpostar, kan vi garantere deg eit nytt syn på fortida:

  • Bjørn Hatterud har gått djupt inn i Alf Prøysens forfattarskap, og viser nye sider ved ein av landets mest folkekjære diktarar.
  • Hilde Hagerup og Tore Renberg har begge skrive bøker med utgangspunkt i verkelege historiske personar. Det stiller særskilte krav til forfattaren.
  • Vigdis Hjorth står fjellstøtt som ein av vår tids store forfattarar. På Kapittel ser ho tilbake på skrivelivet saman med oss. Dessutan skal ho snakke om eitt av sine store førebilete, danske Tove Ditlevsen.
  • Lars Elling har fått eit stort publikum med oppvekstbøkene om gutegjengen frå Oslo. Barndommen tek aldri slutt, sjølv om vi blir eldre.
  • Verdsutstillinga i Paris år 1900: Tekstilkunstnar Frida Hansen sitt sju meter lange teppe De fem kloge og de fem daarlige jomfruer blir stilt ut for aller første gang. Så forsvinn det. Kva skjedde? Kvar vart det av? Og kven er eigentleg dei fem kloke og dei fem dårlige jomfruene? Den 8. mars 2025 gav forfattar Linn Ullmann seg sjølv 18 månader på å leite etter dei forsvunne jomfruene. På Kapittel fortel ho kva ho fann.

Går du denne løypa av programpostar, får du òg eit nytt blikk på samtida:

  • Finn Iunker og Ingrid Z. Aanestad har skrive ferske romanar om problematisk kjærleik.
  • Sverre Bjertnæs og Nikolai Torgersen uttrykkjer seg gjennom biletkunst og bøker. Dei møtest på Kapittel.
  • Det er aldri for seint for kjærleiken, slik Margreth Olin skriv om i sin nye roman.
  • Livet er ikkje rett fram og A4, i alle fall ikkje i Erlend Loe og Gunnhild Øyehaugs bøker. Høyr dei i samtale på Kapittel.
  • Få skildrar Noreg på 2020-talet betre enn filmskapar og forfattar Dag Johan Haugerud. Han ser og kjenner oss, og ser på alle våre feil og manglar med eit kjærleg blikk.
  • Jan Grue har vore på studieopphald i USA, og er uroa over det han opplevde. Han kjem til Kapittel.
Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙